Om oss
Kardang design er eit lite, innovativt og produksjonsorientert designbyrå. Firmaet har vore aktivt sidan 2004 og vi har sidan oppstarten arbeidd med å kommersialisere ein samanleggbar stol som vi no også har fått patent på. I tillegg har vi fleire små prosjekt. For oss er design ikkje berre eit spørsmål om utsjånad, men også eit spørsmål om produksjonsteknikk og moglegheiter for automasjon. Vegen fra vår prototype til produksjon skal vere så smertefri som mogleg. Vi freistar derfor å fjerne behovet for manuelle operasjonar i produksjonen slik som forbereding (teiping, plassering, justering og liknande), sveising og pussing samt å forenkle monteringsprosessen.
Vår miljøstrategi går ut på å gi produkta lang levetid. For at dette skal vere mogleg må vi produkta vere av høg byggekvalitet, eldast på ein fin måte og har tidlaus design. Vi foretrekk material som aluminium og tre, materiale som både eldast vakkert og er organiske eller eller resirkulerbare.
Designbransjen er ikkje så stor, men den er brei og designbegrepet famnar alt mellom kompromisslaus kunst og reinspikka funksjonalisme. Vi heller mot det nøkterne og gjennomarbeidde framfor det som blinkar og lyseri plast og diodelys. Vi freistar å kompensere for manglande utdanning med kunnskap om produksjonen. Om vi lukkast får bli opp til deg. Så langt lever vi i fattigdom.